Storsilda kjem til Nord-Noreg

Medan vintersildfisket hadde prega Vestlandet fram til 1870, kom eit storstila fiske etter først storsild og dinest feitsild til å gje monalege ringverknader for næringslivet i Nord- Noreg dei siste fire tiåra av hundreåret. Det hadde gjennom mesteparten av 1800-tallet vore sporadisk fiske etter småsild og feitsild (sommarsild) i Trøndelag og Nord-Noreg, men særlig nordpå hadde ei vidare utvikling vore hemma av mangel på oppkjøparar, salt og tønner, og fangstane hadde difor mest gått til lokalt forbruk.

Heilt uventa kom det så hausten 1861 eit stort innsig av storsild, spreidd langs kysten mellom Helgeland og Tromsø. Framleis mangla det eit mottaksapparat, og fangstane vart også små fordi silda kom inn på den hardaste årstida, og dessutan heldt seg ut frå land slik at ho måtte takast med drivgarn. Dei store avstandane, eit mangelfullt utbygd nett av telegraflinjer og berre få dampskip stod dessutan i vegen for at mange nok fiskarar kunne samle seg raskt nok på dei spreidde stadene der silda søkte mot land. Fangstane vart såleis små dei første åra. Effektiviteten betra seg derimot etter at arbeidslause notfiskarar frå Vestlandet kom oppover sist på 1860-tallet, med saltarar og oppkjøparar i kjølvatnet. Vestlandsfiskarane lærte nordlendingane å bruke landnot på den mest moderne måten. Men viktigast var det at det innarbeidde apparatet for tilverking og eksport ein hadde hatt under vårsildfisket no tilflaut det nordnorske storsildfisket med full tyngd. I 1870 var det i Trondenes og Bjarkøy åleine samla 800 fiskebåtar med 230 nøter og 330 kjøpefartøy.

Storsildfisket gav mektige fangstar frå 1869, med mellom 200 og 300 000 hl. i åra fram til 1874. Toppåret var i 1871 med nesten en million hl. fangst. I desse gode åra deltok 20 000 fiskarar, og mest like mange var sysselsett på mottaka, med pakking eller føring og ulike former for forsyningsverksemd. Sjølv om innsiga varierte over eit stort geografisk område, var det visse stader kor fisket slo til hyppigare enn andre stader. Samla sett innebar storsildfisket ei vitamininnsprøyting i det til då heller tradisjonelle næringslivet i Nordland og Troms, og skapte «en rus av foretaksomhet» og verka til økonomisk «vekkelse». Ikkje minst gav det nordlendingane ei øving i kva omstilling hadde å seie. Eit viktig eksempel på teknisk modernisering var bruken av små dampbåtar til å slepe dei mange notbruka raskast mogleg frå stad til stad. Dette spreidde seg ved at dampbåtar òg kom i bruk i føringa av sild, salt og tønner, og noko seinare i føring av agnsild til Lofoten, og endelig i sjølve fisket. Det synest dessutan klart at det rike fisket påskynda utbygginga av telegrafnettet nordpå. Vidare vart det reist ei rekke saltebuar, ein del gamle handelsstader fekk nytt liv medan nye voks fram.
 
<= Førre side Neste side =>