Dei pelagiske ressursane i framtida

Ringnotsnurpar i grov sjø med nota ute. Foto: Norsk Fiskerinæring.
Ringnotsnurpar i grov sjø med nota ute. Foto: Norsk Fiskerinæring.
Sildefisket har på nytt nådd gamle høyder. Her ser vi ringnotsnurparen «Tunfisk» hale ombord eit storkast ein stad utanfor Nord- Noreg januar 2009. Thor-Stein Løvås. © Scanfishphoto
Sildefisket har på nytt nådd gamle høyder. Her ser vi ringnotsnurparen «Tunfisk» hale ombord eit storkast ein stad utanfor Nord- Noreg januar 2009. Thor-Stein Løvås. © Scanfishphoto

Som denne forteljinga syner har sildefisket og anna pelagisk fiske betydd mykje for uviklinga av mange norske kystsamfunn og har vore ei drivande kraft innan fiskerinæringa og for utviklinga av fangstflåten. Men etter kvart som fangstflåten har ekspandert ut i havet og talet på fiskemottak har minka medan fiskeforedlingsindustrien har blitt konsentrert og teknisk spissa har ”folk flest”, både ved kysten og elles, fått eit meir distansert forhold til dei pelagiske ressursane, både som næring og som mat.

Kolmule, tobis og lodde har vi aldri hatt tradisjon for å ete, men også silda, tidlegare ein av grunnsteinane i det norske kosthaldet, blir berre sjeldan – og då helst i små delikate bitar – sett fram på matbordet. Faktisk ser det ut til at konsumet har gått ned også etter år 2000, til trass for vekst i fangstane.

Mesteparten av silda går likevel til mat – andre stader. I 2008 vart det eksportert sild for 3,8 milliardar, og samla vart det eksportert pelagisk fisk for 6,5 milliardar kroner. Då er berre konsumfisken rekna med, altså den fisken som går til menneskemat. Samstundes er det jo slik at mange også i dag har eit visst forhold til det pelagiske fiskeslaget makrellen.

Denne sprelske fisken vert spist i mange variantar, og for mange har den dessutan blitt ei kjenneteikn på sommar, ferie og fritid ved sjøen. For i motsetnad til silda er makrellen lett å få både på stang eller med pilk, til glede for den veksande mengda med store og små hobbyfiskarar. Dei andre vanlege pelagiske fiskeslaga, lodde, tobis og kolmule utgjer mykje av fôrgrunnlaget for laksen, som er det fiskeslaget nordmenn et nest mest av, etter torsk. Om desse matvanane vil halde seg inn i framtida står att å sjå.

Kanskje dreier matmoten tilbake mot silda, eller kanskje lærer vi sette pris på lodde og kolmule òg? Nå vil ikkje dette berre vere eit spørsmål om motar innan kosthaldet, men også eit spørsmål om tilgang. Ei veksande folketal i verda vil auka fokuset på matvaresituasjonen, og kan saman med klimatiske endringar tvinge fram nye matvanar. Arbeidet med å vidareutvikle ei berekraftig og rasjonell forvalting er naudsynt anten dei pelagiske ressursane skal nyttast som mat eller fôr. Dette er særleg viktig for dei pelagiske fiskeslaga sidan dei vandrar mellom fleire økonomiske sonar, noko som gjer forvaltninga meir krevjande, men dess viktigare.
             

Fordelinga av sildekvoten i 2009, totalt 1 002 230 tonn NVG-sild


             Sild til agn: 1000 tonn.
             Forsking og skulekvotar: 3000 tonn.
             Trålarane: 109 805tonn
             Kystfartøygruppa: 367 349 tonn.
             Ringnotgruppa: 521 076 tonn.
             Av denne totalkvoten kan inntil 96 263 tonn
             fiskast i EU-sona, 38 508 tonn i fiskerisona til
             Færøyane, og 115 523 tonn i Islands økonomiske sone.

Frå "Melding fra Fiskeridirektøren", "Forskrift om regulering fisket etter norsk vårgytende sild 2009".

Billedtekst 2: Sildefisket har på nytt nådd gamle høyder. Her ser vi ringnotsnurparen «Tunfisk» hale ombord eit storkast ein stad utanfor Nord- Noreg januar 2009. Foto: Thor-Stein Løvås © Scanfishphoto 

<= Førre side Neste side =>