Vintersilda kjem att – snurpenot, organisering og regulering

The last Norwegian Sardine Cannery. Den siste eska med sardinar pakka i Noreg vart pakka våren 2008. Foto: Jorge Scholz. Norges Fiskerimuseum.
The last Norwegian Sardine Cannery. Den siste eska med sardinar pakka i Noreg vart pakka våren 2008. Foto: Jorge Scholz. Norges Fiskerimuseum.

Mellom 1870 og ca. 1900 gjekk det pelagiske fisket inn i ein mellomfase. I tillegg til framveksten av eit spesialisert brisling- og småsildfiske retta mot hermetikkindustrien og fisket etter storsild og feitsild i Nord-Noreg, var òg makrelldorginga i Nordsjøen og det omfattande sildefisket ved Island viktige trekk ved fangsutviklinga på denne tida.

Etter at silda kom att til vestlandskysten kring 1900, fekk vi ein ny 60-årig periode med eit rikt vintersildfiske. Men mykje hadde endra seg sidan førre sildeperiode, både i næringa og samfunnet elles. Det mest iaugefallande trekket ved den nye perioden er den gradvise og kraftige veksten i fangstkvantumet gjennom heile perioden. I 1910 vart det ilandført om lag 300 000 tonn sild og brisling, men det skulle bli endå større volum – på midten av 1950-talet 1,3 millionar tonn! Gjennom heile perioden skjedde det tilpassing og utvikling som stendig auka uttaket.

Til samanlikning vart det teke om lag 300 000 tonn torsk både i toppåra etter 1910 og på 1950-talet. Ringverknadane av sildefisket var framleis omfattande: På landsida voks det fram ei rekkje med sildesalteri, ishus, fryseri og sildoljefabrikkar, òg dessutan ei lang rekkje støttenæringar, som tønne- og kassefabrikkar, båtbyggjeri, reparasjonsfabrikkar, motorfabrikkar, tankstasjonar med mykje meir.
 
<= Førre side Neste side =>