Silda forsvinn – krise og omstilling

Makrelldorging i Nordsjøen. Akvarell av Lauritz Haaland. Norges Fiskerimuseum .
Makrelldorging i Nordsjøen. Akvarell av Lauritz Haaland. Norges Fiskerimuseum .

Etter vel 60 år tok vårsildfisket brått slutt rundt 1870. Med tanke på den store deltakinga er det lett å skjøne at dette må ha vore dramatisk. Korleis klarte ein å omstille seg i bygd og by? Det er lett å finne døme på at det plutselege bortfallet førte til armod og elende. Særleg vanskeleg vart det for husmenn og strandsitjarar og andre som hadde kombinert fiskeriretta handverk og fiske, alle desse titusenvis «som hadde hatt vårsilda mellom seg og sultegrensen», som Kåre Fasting har formulert det.

For mange vart utvegen å flytte til nærmaste by eller til Amerika, medan andre satsa meir på jordbruksnæringa. Dei mest utprega fiskarane vart derimot verande i næringa, og særleg dei som brukte landnot satsa vidare på silda. Den vidare jakta på silda føregjekk vest i havet på det islandske sildefisket, eller nordover til dei rike storsild- og feitsildfiskeria i Nordland.

Bilete: : Då silda forsvann førte det til auka merksemd på alternativt fiske. Makrelldorginga føregjekk på Doggerbank eller på Store og Lille Fiskebank og fekk etterkvart eit ganske stort omfang, og med særskilt deltaking frå Sørlandet, Sørvestlandet og Sunnmøre. I 1894 deltok i alt 426 norske fartøy under haustmakrellfisket i Nordsjøen.
 
<= Førre side Neste side =>