Sild og makrell i eldre tider.

1. Som sild i tønne. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum
1. Som sild i tønne. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum
2. Sild fiskeriet ved Bergens havkyst.  Litografiet er henta frå ein serie norske prospekter og trykk produsert av J. W. Cappelens forlag truleg på 1970-tallet. Norsk Folkemuseum - 2009
2. Sild fiskeriet ved Bergens havkyst. Litografiet er henta frå ein serie norske prospekter og trykk produsert av J. W. Cappelens forlag truleg på 1970-tallet. Norsk Folkemuseum - 2009

Sildefisket har djupe røter i den norske kystkulturen og er omtala fleire stader i Snorre sine kongesoger og i andre mellomalderkjelder. I sagaen om Olav den Heilage skriv Snorre at då kong Olav grunnla Borg (Sarpsborg) innførte han utførselsforbod for sild og salt frå Viken til Vestergøtland «som gøtene ikkje godt kunne vere forutan». Snorre levde sjølv på 1200-talet som jo var eit hundreår rikt på sild, særleg i det søraustlege Skagerrak. Hovudinnsiga kom til det dåverande norske Bohuslän.

I Håkon IV Håkonsson si regjeringstid tidleg på 1200-talet blei Marstrand grunnlagd ytst mot havet på grunn av silda, og ein kan lese at der var mange utlendingar samla vinteren 1226−1227, mest truleg kjøpmenn. Seinare blei Marstrand eit naturleg midtpunkt for sildehandelen både i dei rike sildeåra på 1300- talet, og igjen på 1500-talet då dei årlege fangstane her skal ha vore opp til tre millionar tønner. Presten og humanisten Peder Claussøn Friis fortel frå dette hundreåret at det var ein omfattande aktivitet til sjøs og på land, og at tusenvis av skip frå Danmark, Tyskland, Friesland, Holland, England og Frankrike kom for å kjøpe sild til «menneskers føde og underholdning». Men det følgde visst ikkje berre gode ting med silda. Friis skriv i 1599 om ei sild som bar bod om dårlege nyhende. Silda som vart neste Aar forleden derepter, oc siden aldelis fraa-taget os det, saa at nu dette Aar 1599 er plat ingen Sild der tillgaaen.» Spådom eller ei, då silda gjekk inn mot Oslofjorden varsla ho først og fremst matauk, aktivitet og handel. På 1300-talet frakta skipparar frå Tønsberg sild og annan fisk til England, og kyst- og fjordsilda har jamt vore til nytte for eit veksande folketal. Fisk og sild vart ein viktig del av den lokale handelen ved kysten, og mellom kyst og innland. Oslofjorden har samanlikna med andre lange norske fjordar eit høgt saltinnhald, og har difor gode innsig av fisk heilt inst i fjorden. Makrellfisket har her vore viktig, og langt meir stabilt enn sildefisket. Interessant nok vart denne ressursen alt i mellomalderen rekna for såpass verdifull at gode fiskeplassar ikkje berre var eit gode som låg til eigedommen på land, men som vart høgt prissett og omsett for seg. Det at desse makrellaga, som dei vart kalla, ofte vart eigd av kyrkjelege institusjonar og verdslege aristokratar er illustrerande for den høge verdien slike fiskeplassar fekk. Det store omfanget av sildeinnsiga kravde ein stor marknad, og vart ein viktig del av tidas internasjonale varebyte. Nederlendarane var i ei særstilling i dette varebyttet frå 1500-talet av og fram til 1800-talet. Med fartøya lasta med fiskereiskapar, proviant, salt og tønner gjekk det kvar sommar ein rein armada nordvest mot havområda kring Shetland etter nordsjøsilda. Dei hadde utvikla ein eigen type fartøy som var godt eigna til fiske på ope hav, buisen. Ved at silda vart reinska og salta om bord kunne ein dessutan vere lenge ute utan at silda vart skjemt. Det var mest som ein flytande fabrikk. Opp til 800 slike «sildebussar» med 12 000 mann kunne vere på feltet i sesongen. Sett i forhold til dette var den norske aktiviteten lenge smålåten, men fangstane var periodevis store og viktige i norske farvatn òg. Innsiga kom med jamne mellomrom: 1500 til 1567, 1600 til 1685 og 1699 til 1784. I kvar av desse periodane var det stor aktivitet og monalege lokale ringverknader, men eit skifte kom likevel med neste sildeperiode.

Bilete 2: Litografi etter eit maleri av Johan F. L. Dreier (1775-1833). Motivet er mest truleg inspirert av sildefisket etter 1808. I bakgrunnen ser vi at nota er rodd ut, og i føregrunnen er det pakking av sild og handel, også av «Tobak Brød og Brendevin».

 
<= Førre side Neste side =>