Feitsild, olje og mjøl

Brettesnes i Vågan kommune med landets første sildolje og sildemjølsfabrikk, etablert i 1884.  Foto: Lofotmuseet.
Brettesnes i Vågan kommune med landets første sildolje og sildemjølsfabrikk, etablert i 1884. Foto: Lofotmuseet.

Ringverknadane for det vidare næringslivet fikk ekstra tyngd ved at fisket etter feitsild var under full oppbygging då storsildfisket forsvann i 1875, like brått som det hadde komme. Det hadde føregått eit ikkje uvesentleg feitsildfiske i Trøndelag frå sist i 1860-årene, men frå 1875 var feitsilda utan konkurranse frå både vårsild og storsild, og dei største fangstane vart no tatt i Nordland og Troms. For feitsildfisket låg no heile det store apparatet for fangst, tilverking, transport og eksport klart, og i denne nye fasen var òg deltakinga frå det gamle vårsilddistriktet mellom Stavanger og Bergen betydeleg.

Fangstane i de to nordnorske fylka auka jamt og var oppe i 550 000 hl per år i 1891–1895, men deretter kom ein kraftig nedgang i siste del av 1890-talet. Dei årlege variasjonane var store, med klare toppar i 1883, 1889, 1892, 1893 og 1897, alle med nordnorske fangstar større enn 750 000 hl., og det var visse stader som merka seg ut som særlig gode fiskeplassar, då med «sildefiskernes Eldorado» – Eidsfjorden med Sildpollen – i spissen. Men det svinga mykje her óg; frå toppår der ein tok 400 000 hl. til sesongar med knapt fangst i det heile.

Ved svære fangstar på avgrensa stader kunne det by på problem å få alt salta i tønner. Alt i 1884 tok ein eldre, britisk eid guanofabrikk i Brettesnes basert på hovud og anna avskjer frå torskefisket, imot utkastsild for omarbeiding til mjøl og olje, etter at en god del av fangstane i det gode feitsildfisket året før hadde blitt dumpa i sjøen. Etter det svært rike fisket i Eidsfjorden i 1897 drog to menn frå Svolvær til Lysekil og kjøpte en nedlagt sildoljefabrikk der, og gjenreiste den under namnet Nordlands- Olje og Guanofabrik i Svolvær, seinare kjent som Kuba. Det hadde vore eit rikt sildefiske i Bohuslän sidan 1870-årene, eit fiske som toppa seg i 1896, då 23 sildemjølfabrikkar tok i mot så mykje som 850 000 hl sild.

Dette fisket hadde på 1890-talet avleggarar inn i Østfold (Hvaler). Utstyret frå ein annan Bohuslän-fabrikk hamna i Stavanger i 1898. Men på grunn av det rike feitsildfisket var det i Nord-Noreg den moderne norske sildoljeindustrien voks fram. Dei fleste nye fabrikkane kom her. I 1910 var 14 av i alt 20 slike fabrikker nordnorske, og framleis i 1914 gjaldt det 18 av 36 i alt fabrikker. Då var det komme til 13 fabrikkar på Vestlandet og 7 i Trøndelag.

Det var òg i Nord-Noreg at den effektive amerikanske produksjonsmetoden med hydrauliske skrupresser først slo gjennom, og ikkje minst drog fabrikkane nordpå og i Trøndelag fordel av å kunne nytte fersk feitsild og småsild som råstoff, medan dei på Vestlandet lenge var basert på oppmaling av avskjer og/eller useld eller skada saltsild.
 
<= Førre side Neste side =>