Islandsfisket

Drivgarnfiske etter sild. Innan dette fisket var mørefiskarane føregangsmenn, og på 1890-talet vart dette fisket drive med godt hell ved Island. Akvarell av Lauritz Haaland. Norges Fiskerimuseum
Drivgarnfiske etter sild. Innan dette fisket var mørefiskarane føregangsmenn, og på 1890-talet vart dette fisket drive med godt hell ved Island. Akvarell av Lauritz Haaland. Norges Fiskerimuseum

Det var kjøpmannsinteresser frå Mandal som på 1860-talet først lukkast med å etablere seg på Island. Utgangspunktet var trelasthandel, medan notbruk, salt og tønner vart tekne med som tilleggslast. Seinare vart sildefisket hovudaktiviteten, og i 1868 sende «Mandal Fischeriegesellschaft» over fleire fartøy med trevyrke til hus og saltebuer i Seyðisfjörður og Eyjafjörður, der òg ein god del danskar dreiv sildefiske. Trass i innsatsen vart ikkje satsinga i vesterveg nokon stor suksess for mandalittane, for alt i første del av 1870-åra søkte silda sjeldnare og sjeldnare inn i dei islandske fjordane.

Eit vendepunkt kom i 1879 då ni norske fartøy drog vestover etter silda. Det var no rogalendingane kom på banen for fullt. Sju av fartøya kom frå Haugesund, og fleire av mannskapa hadde truleg vore på Island tidlegare som mannskap for mandalittane. I 1880 deltok 75 fartøy med 28 notlag og 578 mann. Med seg tilbake hadde dei 115 000 tønner sild. Nokre få år seinare nådde den norske deltakinga opp i 150−200 fartøy årleg. Det vart bygd saltebuer i Eyjafjörður, Seyðisfjörður, Mjòifjörður, Eskifjörður, Fáskrúðsfjörður og Reyðarfjörður. Mange av nordmennene bygde seg òg hus på øya, då ikkje først og fremst med tanke på busetnad, men som ei tillemping til eit strengare islandsk regelverk.

Det islandske parlamentet, Alltinget, hadde bestemt at berre dei som hadde islandsk borgarskap fekk drive med fiske. Borgarskap fekk berre dei som hadde hus med skorstein, altså heilårsbustad. Den norske stordrifta vart ikkje berre sett på med blide auge av islendingane som her såg at utlendingar fekk hand om store verdiar.

Sildefisket vart i desse åra drive med landnot. Etter at dette slo fullstendig feil i siste halvdel av 1880-åra, vart det så godt som heilt slutt med det norske sildefisket på Island. Først heilt mot slutten av hundreåret tok islandsfisket seg opp att. Fangstmåten var no fiske med kilometerlange drivgarnslenker, eit felt der mørefiskarar hadde vore føregangsmenn. Dei vart no den andre store gruppa på islandsfiske attåt rogalendingane. I 1904 gav det norske islandsfisket ein samla fangst på 92 000 hl − i 1907 240 000 hl. På denne tida hadde fiske med snurpenot blitt introdusert, og snart kom denne reiskapen til å ta ein vesentleg del av fangsten. Drivgarnsfisket vart likevel drive i stor skala heilt fram til 1960-talet. Det norske sildeeventyret vest i havet nådde toppen rundt 1960 då vel 2300 nordmenn deltok i snurpenot- og drivgarnsfiske ved Island.
 
<= Førre side Neste side =>