Stagnasjon og omstilling i sildebyane

Omstillinga vart òg særs krevjande for tettstader og byar som heilt eller dels var tufta på sild. Florø, som vart ladestad i 1860, gjekk inn i ein langvarig stagnasjon, medan Haugesund i større grad klarte å tilpasse seg mellom anna ved spesialisering på eksport av fersksild. Den ferske, isa silda måtte raskt fram til konsumentmarknadene i Storbritannia og Tyskland, noko som stimulerte til satsing på små dampskip. Dette bidrog til at Haugesund før første verdskrig var blitt ein av landets store dampskipsbyar, med ein flåte som etter kvart frigjorde seg frå frakt av isa sild.

Stavanger slapp på si side unna dei verste konsekvensane av vårsildas og dermed saltsildas forsvinning ved ei storstila satsing frå 1850 på internasjonal fraktfart. Veksten her var så sterk mellom 1850 og 1880 at han langt på veg døyvde tapet av sildeeksporten. Men når det så synte seg at ein her, til liks med i sørlandsbyane – men til forskjell frå Bergen og Haugesund – hadde overinvestert i seglskipstonnasje, ramma krisa dess hardare når først marknaden for seglskutefrakt braut saman rundt 1880. Etter eit tiår med famling og stagnasjon viste det seg at sildas vesle søskenbarn, brislingen, gav fundamentet for eit av landets mest spektakulære industrieventyr – hermetikkindustrien.
 
<= Førre side Neste side =>