Hermetikkindustrien

Stavanger 1952. Pipene frå fabrikkane løftar seg mot himmelen i hermetikkbyen. Foto: Widerøe. Stavanger Byarkiv.
Stavanger 1952. Pipene frå fabrikkane løftar seg mot himmelen i hermetikkbyen. Foto: Widerøe. Stavanger Byarkiv.

Under dei rike sildeåra 1808–1870 vart mesteparten av fangsten lagt i tønner med saltlake, og var såleis basert på tradisjonell teknologi. Hermetikkindustrien, som i Stavanger fekk si spede byrjing i 1873, voks seg stor på utnytting av ein annen pelagisk ressurs etter fallet i vårsildfisket, i første omgang brisling, men seinare òg småsild. Brislingen vart først nytta som kryddersalta ansjos, og dinest som sardinar.

I byrjinga var heile prosessen basert på manuelt arbeid, men i løpet av åra 1895–1914 klarte ein å revolusjonera framstillinga og lukkinga av emballasjen med stanse- og falsemaskinar, og dermed fjerna flaskehalsar i produksjonen. Det er i denne fasen Stavanger går inn i den industrielle tidsalderen for fullt, men altså framleis tufta på pelagisk råstoff. Hermetikkproduksjonen vart i løpet av åra 1890–1914 den nye vekstmotoren og den desiderte hovudnæringa for byen. Stavanger var den fremste hermetikkbyen med heile 70 fabrikkar og ei rekkje sekundærbedrifter rundt 1920. I heile landet var det i mellomkrigstida fleire enn 200 hermetikkfabrikkar, eit tal som nådde opp i 300 kort etter andre verdskrigen, med stort og smått. Varene vart eksportert til så mange som 80 land, med USA, Storbritannia og land innan Det britiske samveldet som dei største avtakarane.
 
<= Førre side Neste side =>