Snurpenota

Tømming av snurpenot med sjølvlossande hov. Vinteren 1951. Foto: Ukjent. Fiskeri og Kystdepartementet .
Tømming av snurpenot med sjølvlossande hov. Vinteren 1951. Foto: Ukjent. Fiskeri og Kystdepartementet .

Snurpenota var fleksibel i forhold til kysttopografi og innsig på ein heilt annan måte enn landnota. Medan ein ved bruk av landnot var avhengig av at silda søkte inn på grunt vatn i ei vik med ei form som gjorde det mogleg å stenge ho av med ei not av vanlig storleik (kastevåg), var snurpenota konstruert for bruk i ope farvatn, utan støtte i botn eller land.

Dette auka mobiliteten i fisket monaleg: Ein kunne følgje silda aktivt og ta henne før ho søkte land. Nota var bunden i eitt svært stykke, 300–400 meter langt og 80-90 meter djupt. Ho vart sett i sjøen frå to motordrivne doryar som delte henne mellom seg, og som frå eit felles utgangspunkt gjekk ut i kvar sin halvsirkel til dei møttest att og kunne binde nota saman til ein lukka posa. Notposen vart deretter manøvrert inn til moderfartøyets skuteside og ”tørket opp” med handkraft der, inn i dei to doryane som låg festa i notas ”utside”, til posen var så pass innsnevra at han lét seg tømme effektivt med ein sjølvlossande hov. Fartøyet måtte være stort nok til å kunne frakte dei to doryane (32 fot) opphengt i davitane, og til å ta inn ei størst mogeleg sildelast.

Eit snurpenotkast av vintersild lét seg oftast ikkje parkere i lås ved land, og måtte derfor tømmast på staden. Dersom fangsten var større enn lastekapasiteten, vart andre fartøy tilkalla for å ta seg av resten, såkalla ”hjelparar”. I 1950-åra deltok fleire enn 500 slike fartøy i vintersildfisket. Då var det mest like mange føringsfartøy for å spare fiskarane den tida det tok å levere fangsten til sildefabrikken langt unna fangstfeltet.
 
<= Førre side Neste side =>