Marknad og regulering

Frå Storsildfisket i Kristiansund. Ein ser hamna er full av tomme og fulle sildetønner. Biletet kan vere teke under 1. verdskrigen. Foto: Ukjent. Norges Fiskerimuseum.
Frå Storsildfisket i Kristiansund. Ein ser hamna er full av tomme og fulle sildetønner. Biletet kan vere teke under 1. verdskrigen. Foto: Ukjent. Norges Fiskerimuseum.

Fram til 1914 låg forholda vel til rette for eksport. Dei fleste europeiske og vestlege land hadde hatt ein lang periode med økonomisk vekst, låge tollgrenser og stabile valutakursar. Første verdskrigen kom til å endre dette, men for nøytrale land som Noreg først etter ein alle tiders høgkonjunktur 1915–1920. Boomen vart skapt av ein kraftig auka internasjonal etterspurnad etter sild, fisk, skipsfartstenester, malm og mineral. Det var stor investeringslyst, dels halden oppe av ein sterk inflasjon som gjorde det billeg å låne, noko ikkje minst fiskarane og fiskeindustrien nytta seg av.

Gjelda vart derimot svært tung å bere då 1920- åra først kom med internasjonal konjunktursvikt og prisfall på eksportvarer og tenester, og deretter med deflasjon med banksamanbrot og stor arbeidsløyse. For sildefiskarane skapte det ekstra vanskar at mellom tre og fire millionar tønner salta sild kjøpt av staten i 1918 og 1919, låg og trykte marknaden. Samstundes var to av dei største gamle kjøparane av salta sild, Tyskland og Russland, mellom dei mest kriseramma landa etter krigen, det eine sterkt prega av revolusjon og borgarkrig, det andre ramma av hyperinflasjon og valutakaos.

I 1930-åra førte den nye verdskrisa til stadig fleire innskrenkingar i internasjonal handel. Store innsig og meir effektiv fangstteknologi gjorde at sildefangstane auka kraftig i mellomkrigstida. Fallande prisar og dårleg lønsemd vart møtt med intensivert fangstinnsats – noko som dreiv prisane vidare nedover. Nye bruksområde for silda og sinnrike reguleringsordningar måtte til for å oppretthalde lønnsemda i næringa.
 
<= Førre side Neste side =>