Teknologisk utvikling og auka fangstkapasitet

1. Sildedampar halar ombord fangsten. Fangstkvantumet auka kraftig frå i tiåra etter at silda kom att. Biletet er truleg teke ein gong i mellomkrigstida. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum.
1. Sildedampar halar ombord fangsten. Fangstkvantumet auka kraftig frå i tiåra etter at silda kom att. Biletet er truleg teke ein gong i mellomkrigstida. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum.
2. Notheng ved Hellesøy i Øygarden. Foto: Bjørg Christophersen.
2. Notheng ved Hellesøy i Øygarden. Foto: Bjørg Christophersen.

Her er det tale om fleire utviklingssteg. Den viktigaste årsaka til den sterke auken i fangstane var effektiviseringa av fangstleddet, særleg ved auka bruk av snurpenot. Denne fangstreiskapen var i bruk av Hvaler-fiskarar på 1890-talet, og fekk ei viss utbreiing då ho like etter år 1900 vart innført frå Amerika, men slo først gjennom for fullt i mellomkrigstida.

Snart vart ein veksande del av fangstane tekne med snurpenøter: i 1910 om lag 10 %, så til 25 % i siste halvdel av 1920-åra og 60 % i første halvdel av 1950-åra. Bruken av landnot gjekk kraftig ned i same periode, til 3 % sist på 1950-talet, medan garn som hadde dominert ved hundreårsskiftet, framleis sto for omlag 36 % på 1950-talet. Denne utviklinga førte til ein kraftig auke i fiskaranes effektivitet: Talet på deltakarar i vintersildfisket gjekk ned frå 22 500 i 1908 til 16 700 i 1940, men fangsten fordelt på kvar fiskar auka frå 3,5 til 24 tonn i same periode!

Bruken av snurpenot førte til at innslaget av store fiskefartøy auka i sildeflåten. Det vart bygd trefarkostar på 90–100 fot med motor, frå 1930-åra i veksande grad eigd av fiskarane sjølve, medan mange av første generasjons dampsnurparar var eigd av fiskarreiarar eller kjøpmenn i byane. For mange av sildefiskarane i Rogaland og Hordaland vart det tidlege og lønsame snurpefisket etter brisling, som kunne drivast med langt mindre farkostar, ei bru over til reiarstatus òg i vintersildfisket. Mange av dei som seinare vart snurpebåtreiarar, var i første del av mellomkrigstida leigebasar på fiskedampskip eigd av byborgarane.

Den tekniske utviklinga i sildesektoren står i ein interessant kontrast til den samtidige utviklinga i dei nordnorske torskefiskeria. Her hadde det blitt innført sterke restriksjonar på bruken av det effektive redskapet trål, mykje etter press frå fiskarhald. Der skjedde det dessutan ei anna ved første augekast merkeleg utvikling: Bruken av handsnøre, den mest primitive og billegaste reiskapen, auka kraftig i mellomkrigstida.

Medan færre enn 10 % av deltakarane i lofotfisket fiska med handsnøre i perioden 1910−1915, hadde denne parten auka til nesten 30 % i 1920-åra og vidare til rundt 40 % det meste av 1930-åra. Bruken av garn heldt seg nokolunde konstant, medan linefisket gjekk kraftig ned. Mykje av denne såkalla «primitiviseringa» skuldast rett nok ei auka deltaking av kriseramma bygdeungdom, men òg elles gjekk det seint med den tekniske moderniseringa av torskefisket i mellomkrigstida.


Bilete 2: Sidan landnota var sett saman av ei rekkje mindre notbolkar, kunne ho delast opp for tørking og barking, og tørkinga føregjekk på reine, flate berg ved sjøen. Den svære og uhandterlege snurpenota måtte derimot tørkast i spesialkonstruerte bygningar – nothenger. Dei fanst i ulike storleikar – dei største romma gjerne sju–åtte nøter. Fram til 1960-åra var slike henger i bruk langs hele kysten frå Oslofjorden til Finnmark, det fanst gjerne ei henge for kvart snurpenotbruk, i første rekkje reist på heimstaden til snurpefartøyet.
 
<= Førre side Neste side =>