Sild og velling, og sild og poteter

Sild og poteter. Sjølv om silda vart omtala som «fattigmanns venn», skal det ikkje meir enn ein smørklatt til før det kan reknast som eit «herremåltid». Foto: Anne-Lise Reinsfelt. © Norsk Folkemuseum - 2009.
Sild og poteter. Sjølv om silda vart omtala som «fattigmanns venn», skal det ikkje meir enn ein smørklatt til før det kan reknast som eit «herremåltid». Foto: Anne-Lise Reinsfelt. © Norsk Folkemuseum - 2009.

Silda var ein viktig del av det norske kosthaldet på 1800-talet, ikkje berre langs kysten, men òg i indre strok og på austlandsbygdene. Ein finn òg spor av dette i dei gamle folkeeventyra. Mumle Gåsegg var ikkje eingong ferdig utruga før han skreik på «Sild og velling og graut og mjølk!» Silda var folkekost og ei viktig proteinkjelde. Dei færraste åt raudt kjøt anna enn ved spesielle høve.

I eventyret om «Kverna som står og maler på havsens bunn» skulle mannen som åtte kverna, først bruke henne til å lage dugurd, og han bad 15 henne då om å male «sild og velling, og det både fort og vel». Og sild og velling fekk han, så mykje at det fylte huset og flauma vidare over mark og jorder. I den verkelege verda vart det òg mykje sild, og fleire stader kom silda på bordet både to og tre gonger for dagen. Ein åt mellom anna flatbrød med kokesild, graut og velling med spekesild, raspeballar med sursild i, sildesuppe og sild og poteter. Sjølv om silda vart kalla «fattigmanns venn», fann ein ulike sildevariantar på matbordet til alle samfunnslag.

Alexander L. Kielland skriv i romanen «Gift» om Stavanger: «Sild, søt suppe og pannekaker – intet kunne smake bedre, for det var lørdagsmat for hele byen.» Det var delte meiningar i samtida om kor sunn denne sildedietten var. Skulelærar Huus skreiv såleis i 1872 om vestlendingane: Jeg tenker at denne idelige sildemat er i ikke ringe grad årsak til den på disse kanter så alminnelige legemlige tungvinthet og åndelige dorskhet. Om enn det kunne bli eit einsformig kosthald har andre påpeika at særleg kombinasjonen av sild og poteter var ernæringsmessig heldig, og at han såleis kan ha vore ei av årsakene til den kraftige nedgangen i dødsfall på 1800-talet. Samstundes er sild og anna saltmat sett på som ei av årsakene til at magekreft var meir utbreidd enn i dag.

 
<= Førre side Neste side =>