Drivgarnsfiske etter makrell

Makrellgarn til tørk ved Lista. Biletet er truleg teke tidleg på 1900-talet. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum
Makrellgarn til tørk ved Lista. Biletet er truleg teke tidleg på 1900-talet. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum

Samstundes med at sildefisket voks i omfang, var det eit viktig og nyskapande makrellfiske på Sørlandet og delar av Oslofjorden. Drivgarnsfisket etter makrell byrja monaleg tidlegare enn drivgarnsfisket etter sild. Det skal ha byrja ved slump på Lista-kanten på den måten at eit garn sleit seg og kom i drift, og då det på den måten synte seg å fangste godt, gav det meirsmak. Dei gjekk ut om kvelden med fire til seks garn i lenke og let seg driva med garna natta gjennom.

Dette fisket skal ifølgje Eilert Sundt ha byrja tidleg på 1800-talet, og kring 1830 hadde skikken breidd seg både vestover og austover. Etter som drivgarnsfisket auka i omfang, vart det omsett mykje makrell lokalt, og den vart snart billeg kvardagskost, òg for dei fattige. I 1850-åra føregjekk omsetnaden over eit større område. På Austlandet vart mesteparten seld fersk i byane, medan sørlendingane, som hadde ein mindre heimemarknad, leverte salta makrell til byane i aust. I 1860 vart ein ny marknad for makrellen opna då engelskmenn tok til å føre den fersk isa over til England. Frakta føregjekk med hurtigsiglande kutterar og med dampskip. Ifølgje Sundt vart transporten så hurtig at «innen den siste isklump er smeltet, er også den siste fisk i gryten, frisk som da den kom av vannet». Dei største utskipingshamnene for fersk isa makrell var Kristiansand, Mandal, Farsund og Flekkefjord. I 1861 vart det utført 3 560 000 stykk makrell frå desse hamnene. Seinare kom også byane på Austlandet med i denne handelen, både til den regionale marknaden og til England.
 
<= Førre side Neste side =>