Marknad, billegare salt og mange arbeidshender.

Det indre i en sildebod i Bergen. Maleri frå 1858 av Knud Bergslien. © O. Væring Eftf. AS
Det indre i en sildebod i Bergen. Maleri frå 1858 av Knud Bergslien. © O. Væring Eftf. AS

Etter kvart som den europeiske marknaden kom i gjenge att etter Napoleonskrigane (1792–1814), vart det ikkje vanskeleg å finne avsetnad for silda. Det tidlegare så rike sildefisket ved Skåne og Båhuslen hadde teke slutt rett før innsiga ved Sør-Vestlandet byrja, slik at ein lett kunne fylle eit gap i etterspurnaden. Dessutan hadde den naudsynte innsatsvaren salt blitt stendig billegare, særleg etter at havsalt frå Middelhavet kom på marknaden for fullt etter 1800. Det gjekk med mykje salt, om lag ei tredjedels tønne salt for kvar tønne med sild.

Dei viktigaste marknadene for silda var lenge Sverige, Preussen (Tyskland) og Russland. Marknadene vart snøgt utvida, og utførsla av sild auka frå knapt 100 000 tønner i 1815 til 600 000 i 1833. Vidare fram mot 1870 varierte eksporten mellom 400 000 og 600 000 tønner årleg. I tillegg gjekk 100–200 000 tønner til den norske heimemarknaden. I same perioden skifta innsiga tyngdepunkt, med ringverknader for store område. I dei første tiåra var fisket størst i områda nord for Boknafjorden, men med vesentlege fangstar ved Jæren og Lista og ulike stader langs hordalandskysten. Etter 1840 vart det òg eit monaleg fiske mellom Kinn og Sunnmøre, og i 1860-åra vart fangstane her jamt over større her enn i det såkalla sørafisket.

Bilete: For å få ein god pris på silda var det viktig med rask og god handtering, eit arbeid som stort sett var utført av jenter og kvinner. Her nyttar nokre av dei høvet til ein liten strekk og ein kopp varm drikke. © O. Væring Eftf. AS

 
<=
Førre side Neste side =>