Ringverknader på land

Omlegginga gav mykje arbeid til fiskereiskaps-, utstyrs- og motorindustrien, og ikkje minst til nokre av dei opphavleg små trebåtverfta i bygdesamfunn på Vestlandet. Nokre av dei voks seg store nettopp i desse åra.

Ved å byggje rimelig store, havgåande fiskebåtar av stål fekk dei innpass i ei rekkje andre marknader, som bygging av bilferjer, mindre fraktebåtar for kystfart, og endåtil mellomstore skip for utanriksfart. Eitt tiår seinare kunne fleire av dei nytta den tekniske kompetansen til å byggje offshore-fartøy, og såleis ta del i oljeeventyret. På same vis klarte delar av fiskereiskaps- og utstyrsindustrien å tilpassa seg den framveksande havbruksnæringa.
 
<= Førre side Neste side =>