Krise og ny omstilling

Ein stor del av fangstane gjekk til sildemjøl- og sildoljeindustrien. På dette biletet frå 1951 ser vi eit anlegg i Moldtustranda, Herøy kommune i Møre og Romsdal. Foto: Ukjent. Fiskeri- og kystdepartementet.
Ein stor del av fangstane gjekk til sildemjøl- og sildoljeindustrien. På dette biletet frå 1951 ser vi eit anlegg i Moldtustranda, Herøy kommune i Møre og Romsdal. Foto: Ukjent. Fiskeri- og kystdepartementet.

Tru mot ein lang tradisjon i norsk havforsking meinte havforskarane så seint som i 1960 at fangstinnsatsen ikkje kunne verke inn på storleiken til bestanden – den vart styrt av sildedemografi og «eksterne» oseanografiske forhold, som næringsforhold og temperaturen i havet. Innsiga var jo òg enorme. Ein har rekna ut at sildeinnsiga på vestlandskysten i 1950-åra i kjøttvekt svara til ei menneskemengd på 250 millionar personar, menn, kvinner og barn.

Truleg var den årlege vandringa til silda rundt i Norskehavet på denne tida den største samla rørsle av levande biomasse på den nordlege halvkula! Sildeflåten hadde samstundes blitt særs effektiv, og gjekk no i tillegg laus på sildeyngelen i stor stil. Det medverka til eit samanbrot i NVG-sildestamma. Den norske fangsten av NVGsild gjekk ned frå meir enn ein million tonn i toppåra 1954−1956 til 60–80 000 tonn 1961−1963, og til usle 15 000 tonn i 1969. Ein har seinare rekna ut at den samla biomassen av NVG-sild gjekk ned frå 16,2 millionar tonn i 1945 til under 10 000 tonn kring 1975! Nærmare ein gigantisk økologisk katastrofe var det vanskelig å kome.
 
<= Førre side Neste side =>