Ringnotflåten

Som vi har sett førte krisa i eitt fiske til at fangsten vart retta mot nye ressursar, som igjen vart utsett for større uttak enn det som var berekraftig. Den norske ringnotflåten voks i denne perioden fram som kanskje verdas mest effektive fangstflåte, målt etter samla fangstkapasitet.

Eit viktig tiltak mot overkapasiteten var statlege kondemneringstilskot i åra 1979−1992. Totalt vart det i perioden 1979-1991 kondemnert 83 ringnotfartøy til ein sum av 385 millionar kroner. Sjølv om loddefisket føregår i Nordishavet, er denne flåten sterkt prega av vestlandsinteresser, særleg frå Hordaland og Møre og Romsdal. I 1985 sat ni ringnotkommunar med halvparten av alle båtane.
 
<= Førre side Neste side =>