Sild og vitskap

Det vitskaplege miljøet knytt til Fiskeridirektoratet i Bergen var dei første tiåra etter 1900 eit av dei fremste fagmiljøa i verda innan hav- og fiskeriforsking, i den såkalla gullalderen for norsk havforsking. I 1914 kom ein banebrytande artikkel av fiskeridirektør Johan Hjort som synte samanhangen mellom storleiken på og oppvekstvilkåra for dei ulike årsklassane og vekslingane i dei fangstmogne silde- og torskebestandane. Dermed hadde ein fått noko av forklaringa på dei store vekslingane, men framleis var det mykje ein ikkje viste, slik som vandringsmønster og samvariasjonen mellom ulike bestandar.

I 1947 vart Finn Devold leiar for sildeundersøkingane og gjorde eit engasjert forskingsarbeid for å kartlegge silda sitt vandringsmønster. I 1949 var han med støtte frå Noregs Sildesalslag og Islandsfiskernes forening på tokt og registrerte sild ved Færøyane, Island og Jan Mayen. Året etter byrja forskingstokta med «G. O.Sars», utstyrt med asdic. Dette var tokt som ikkje berre gav ny viten om silda, men som også inspirerte delar av fiskeflåten til å følgje silda ut på havet. Devold oppmoda sjølv fiskarane til å søke ut på havet etter silda, og gjekk sjølv føre med eit godt eksempel: «Sarsen» hadde oftast med seg minst 1000 tønner sild frå sommartoktene i Norskehavet.

Frå jakt til vakt.

Den tette koplinga mellom næring og forsking som var på denne tida, er av fleire framheva som ei av årsakene til at ein ikkje innsåg at både NVG-silda og nordsjøsilda vart skatta for hardt. Ei anna viktig årsak er at havforsking framleis var eit ungt og svært komplisert forskingsfelt, og som heile vegen låg på etterskot av veksten i fangstkapasiteten til fiskeflåten.

Etter 1970 skjedde det ei gradvis haldningsendring både hjå styresmakter og innan forskingsmiljøet, ei utvikling som losna banda til fiskerinæringa og i staden kopla dei opp til det framveksande forvaltingsregimet. Dei siste tiåra har ein dessutan sett på tilhøvet mellom arter som har same matkjelde, eller der den eine beiter på den andre (fleirbestandsforsking), for å få eit tydelegare bilete av det kompliserte økosystemet til havs.
 
<= Førre side Neste side =>