Føreord

Fram mot grunnlovsjubileet i 2014 vil det bli utarbeida nasjonale rammeforteljingar om utvalde epokar og tema knytt til Noreg som kystnasjon. Forteljingane vert lansert under overskrifta Fortellinger om kyst-Norge. På den nasjonale kystkulturkonferansen i Oslo og Fredrikstad 12.– 14. mai 2009 vert dei fire første rammeforteljingane presentert: Kyst- og havlandet. Kyst-Norge i et historisk perspektiv, Riksvei nr. 1 om maritim infrastruktur, Ressursar til låns om sild og anna pelagisk fiske og Den norsk-arktiske torsken og verden.

Forteljinga Ressursar til låns gir eit historisk tilbakeblikk på det rike fisket etter sild og andre pelagiske fiskeartar. Dette fisket har verka formande for norske kystbygdar og tettstader og har sett eit sterkt preg på næringsliv, teknologisk utvikling, matskikkar og elles hatt vide kulturelle verknader. Men silda har vore ein lunefull ven, folk har måtta leve med svingingar i ressurstilgang og fangstmengde, og har dermed også erverva seg viktig omstillingskompetanse.

Forteljinga er ført i pennen av Årstein Svihus og Anders Haaland, medan biletarbeidet er utført av Jorge Scholz, alle frå Museum Vest. Eit redaksjonsråd med representanter frå dei tre nasjonale maritime museumsnettverka har saman stått for den kulturhistoriske kvalitetssikringa. Medlemmer i redaksjonsrådet har vore Pål Christensen frå Museum Nord, Jo van der Eynden frå Etatsmuseet for Kystverket, Per Norseng frå Norsk Sjøfartsmuseum og Bjørg Christophersen, Anders Haaland og Årstein Svihus frå Museum Vest. Museum Vest har koordinert arbeidet.

I samband med kystkulturkonferansen drar Kystverkets tidlegare fyr- og merkefartøy M/S Gamle Oksøy på tokt langs norskekysten for å markere samarbeidsprosjektet Fortellinger om kyst-Norge. Toktet er koordinert med lokale og regionale arrangement i kulturminneåret. Direktorata og nettverksmusea voner at dei nasjonale rammeforteljingane vert til glede, ettertanke og nytte for alle kystkulturinteresserte og at dei kan bidra til eit historisk perspektiv på dei utfordringane vi har i vår eiga samtid. Direktorata og musea tar gjerne imot spørsmål eller synspunkt på prosjektet.

27. mars 2009
 
<= Førre side Neste side =>




Get Adobe Reader Read file
 Last ned dette heftet som pdf dokument.