Ressursar til lånt tid og på deling med fleire

Samanstimling av fugl og kva vart reikna som eit teikn på sild, «sildesyner». Her ser vi både fugl, kval og fiskarar, alle på jakt etter silda. Teikning av Lauritz Haaland. Norsk Folkemuseum - 2009.
Samanstimling av fugl og kva vart reikna som eit teikn på sild, «sildesyner». Her ser vi både fugl, kval og fiskarar, alle på jakt etter silda. Teikning av Lauritz Haaland. Norsk Folkemuseum - 2009.

Silda utgjorde i 2007 meir enn halvparten av all norsk ilandført pelagisk fisk, og fram til om lag 1960 var norsk pelagisk fiske dominert av sild. Silda har i det heile ein særeigen posisjon, noko mellom anna talemåten om «sild og fisk» gjev ein peikepinn på. Dei store svingingane har dessutan gjeve sildefisket ein annleis innebygd dramatikk enn til dømes torskefisket. Det går i bølgjedalar i anna fiske òg, men det vert krusingar samanlikna med dei store sildefiskeria.

Historia syner oss at i kvart av dei siste hundreåra har ein hatt ein 60–70 år med godt sildefiske, og så har ho meir eller mindre forsvunne heilt. Siste gongen for godt eit halvt hundre år sidan på grunn av overfiske. Gytebestanden for 2009 er estimert til 729 gonger større enn ved botnpunktet i 1972. For 2009 er den norske fangstkvoten sett til drygt ein million tonn. Det vert om lag tre milliardar sildar – nok til at alle nordmenn, store som små, kan ete seg stappmette på sild til middag kvar einaste dag i over eitt år!

No er jo ikkje det aktuelt. Den jamne forbrukaren legg knapt merke til at kysten vår på nytt har blitt eit gigantisk sildebord. Som vi skal sjå, hadde fisket monaleg større ringverknader under tidlegare rike fangstår, både i nær og fjernare fortid. Alle dei viktige pelagiske fiskeslaga vandrar mellom forskjellige lands økonomiske soner i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen.

Den einskilde kystnasjonen kontrollerer såleis desse ressursane berre på «lånt tid» før dei vandrar vidare, og dei må i dag difor forvaltast av fleire nasjonar i fellesskap. For silda har dessutan vandringsmønsteret vore svært omskifteleg gjennom historia. Medan tyngdepunktet på 1800-talet låg mellom Haugesund og Stad, har innsiga i førstninga av 2000-talet hovudsakleg kome i Nord-Noreg. Sesongane er korte, og perioden for innsiga kan variere mykje, frå november til april. Det har òg vore slik at fleire tiår med rikt fiske av sild, makrell og brisling brått har blitt avløyst av fleire påfølgjande år med sterkt reduserte fangstar, og for silda mest fullstendige svartår.

<= Førre side Neste side =>