Original illustrasjon til Historia om De Nordiska Folken
Skåne vart i løpet av mellomalderen eit handelssentrum på grunn av det enorme sildefisket. I følgje den svenske krønikaren Olaus Magnus (1490–1557) kom silda inn til kysten «i så väldiga massor, att icke blott de fiskandes nät gå sönder, utan till och med en tveeggad stridsyxa eller hillebard, om man sticker ned den midt i fiskestimmet, blir ståande däri».
Den tyske humanisten Conradus Celtes (1459–1508) skildra sildefisket ved Skåne slik, her attgjeve i svensk språkdrakt: Oceanen på ett håll man har, på det andre man skådar Östersjön, där sin sill den rika Skandien skickar Ut ur ymnigt förråd at mätta all världens länder. (Frå Olaus Magnus, Historia om De Nordiska Folken) Sameleis skriv historieskrivaren Saxo Grammaticus at silda gjekk så tett gjennom Øresund at det var vanskeleg å ro gjennom sundet. Og ein trengte korkje garn eller krok, men kunne ause opp fisken med berre hendene. Sjølv om Saxo kanskje tek litt hardt i, var sildefisket ei viktig inntektskjelde for den danske krona som rådde over begge sider av Øresund. Og endå viktigare vart det då Øresundstollen vart innført tidleg på 1400-talet.