Silda, «buskapen som i fjorden beiter»

300 tonn med sild slukt av notposen. Ringnotsnurparen «Trinto» på fiske oktober 2008. Foto: Kjell-Tore Sivertsen © Scanfishphoto
300 tonn med sild slukt av notposen. Ringnotsnurparen «Trinto» på fiske oktober 2008. Foto: Kjell-Tore Sivertsen © Scanfishphoto

Historisk handlar sildefiske først og fremst om mat, store mengder med mat til overleving og handel. Samstundes har dette fisket vore prega av store omskifte med omfattande ringverknader. Innsiga er berre tilgjengelege eit kort tidsrom av året, og det eine året kanskje i rikt monn, medan året etter kanskje ikkje i det heile. Det er då ikkje underleg at det har vore fleire mytiske og fargerike førestellingar knytt til silda, eller «buskapen som i fjorden beiter», som det heiter hjå Snorre.

I den islandske Landnåmabok kan vi lese om seidkvinna Turid Sunda frå Hålogaland som i ei uårstid ein gong på 800-talet trolla alle sund fulle av sild. Silda var likevel slett ikkje berre mat i krisetider, men òg gudemat. Då krigsguden Tor venda att frå ferd i austerveg, byrja han dagen med ein god frukost med havrebrød og sild, kan vi lese i eddakvadet Hårbarsdljod.

Forsynet ordna det dessutan slik at gode kongar på våre kantar ikkje berre blei løna med god årsvokster, men òg med godt sildefiske: Såleis skriv Snorre: «Den fyrste vinteren Håkon rådde for landet, gjekk silda inn under heile landet». Men då dei upopulære sønene til Gunhild rådde grunnen, blei det både svartår for sildefisket og uår i jordbruket. I all seinare tid har det òg vore store svingingar i sildefisket, men kanskje ikkje først og fremst på grunn av kven som har sete på trona.

Billedtekst: 300 tonn med sild slukt av notposen. Ringnotsnurparen «Trinto» på fiske oktober 2008. Foto: Kjell-Tore Sivertsen © Scanfishphoto


<= Førre side Neste side =>