Omstilling nok ein gong

Kva gjorde så eit fangstapparat på meir enn 2000 fartøy (snurparar, garnbåtar, hjelparar) med ein mannskapsstyrke på 25 000 og eit stort mottaksapparat på land, når naturresursen dette var skreddarsydd for, temmeleg brått forsvann? Det er klart at det gjekk hardt ut over mottaksapparatet og industrien på land. Dei fleste anlegga for pakking av saltsild og isa sild vart avvikla, og med det tønne- og kassefabrikkane.

Talet på sardinfabrikkar gjekk kraftig ned, og ei rekkje sildoljefabrikkar fekk for lite råstoff. Dei 1500 små og mellomstore fartøya som primært hadde drive garnfiske etter sild, mista det viktigaste inntektsgrunnlaget. Dermed fekk òg mange av dei mindre båtverfta og reparasjonsverkstadene problem. Samla sett kan ein seie at nedgangen i vintersildfisket gav grunnskotet for det gamle mønsteret med kombinasjonsdrift og mangesysleri på Vestlandet. Denne «negative» delen av omstillinga gjekk likevel stort sett greitt, sidan samfunnet generelt i denne perioden var prega av sterk økonomisk vekst, og auka sysselsetting innan både annan industri og tenesteyting.
 
<= Førre side Neste side =>