Ei forteljing mest om sild og samfunn, men óg om fisket etter makrell og brisling og anna pelagisk fiske, og korleis dette fisket har vore med på å forme kyst-Noreg.
Noreg er framleis ein av dei største fiskerinasjonane i verda, men det merkast ikkje like godt som tidlegare då fisket med spenning, vonbrot og dramatikk var ein viktig del av kystfolket sin kvardag. I dagens spesialiserte servicesamfunn femnar ikkje næringa breitt på den same måten. Færre av oss arbeider i fiskerirelaterte yrke, og vi lèt i liten grad kosthaldet bli styrt av fiskesesongane.
Med denne forteljinga vil vi gje eit historisk tilbakeblikk på nokre av våre mest spanande fiskeri, dei pelagiske. Desse fiskeria har verka formande på norske kystbygder og tettstader, og har sett eit sterkt preg på næringsliv, teknologisk utvikling, matskikkar og elles hatt vide kulturelle verknader. Det handlar først og fremst om sild, men òg annan pelagisk fisk, slik som makrell, brisling, kolmule, lodde, tobis og taggmakrell (hestemakrell).
I mengd står pelagiske fiskeslag for to tredjedelar av den norske fiskefangsten (2007). Det er særleg dei enorme fangstane av sild og kolmule som dreg opp totalkvantumet, medan loddefangstane dominerte på 1970- og 1980-talet. Sildefisket er òg den delen av fisket som ved sida av torskefisket har hatt mest å seie for den økonomiske og kulturhistoriske utviklinga av kyst-Noreg. Men som vi skal sjå, har òg annan pelagisk fisk hatt mykje å seie, særleg regionalt og for utviklinga innan fangstflåten.