Eit endra syn på fiskeressursane

Kollapsen i sildebestanden vart ein vekkar for både havforskingsmiljøet og styresmaktene. Rolla til havforskarane skifta frå å leggje til rette for «fiskejakt» til å fremme «fiskevakt». Vern av bestandane mot overfiske vart ei hovudsak. Den skisserte omfattande reguleringspolitikken fekk draghjelp frå etableringa av dei økonomiske sonene i 1977, som utvida norske territorialfarvatn til fem–seks gonger storleiken på landarealet! Dei gjorde det lettare for dei involverte kyststatane det vedgjekk, å bli samde om internasjonalt akseptable uttaksnivå for dei einskilde fleirnasjonale bestandane, som igjen var ein føresetnad for dei nasjonale kvotetildelingane.

Fleirbestandsforskinga vart ein viktig premissleverandør i denne reguleringspolitikken. Det lykkast gjennom fredinga å berge NVG-silda, mellom anna fordi ho i fredingsfasen hadde åtferd som eit norsk «husdyr», med avgrensa vandring stort sett innan norske farvatn. Vandringa ut i internasjonalt farvatn byrja først då bestanden hadde passert ein viss storleik.

Frå ein periode der det aller meste av dei pelagiske fangstane gjekk til olje og mjøl, går mesteparten av silde- og makrellfangstane i dag til konsum i fersk og frosen stand, medan avskjer, hovud og innmat går til fabrikkar som leverer fôr til den nye havbruksnæringa. Fangsten av dei pelagiske fiskeslaga lodde, kolmule og tobis nyttast framleis først og fremst til fôrproduksjon, såkalla industrifiske, men samstundes er det ein monaleg japansk marknad for norsk rognlodde. Den auka matskorten i verda har ført til sterkare fokus på berekraftig hausting av dei pelagiske ressursane. Samstundes har det vore ein viktig debatt om dette rike råstoffet best bør nyttast direkte som mat for menneske eller som oppdrettsfôr.
 
<= Førre side Neste side =>