1808–1870: urbanisering og fiskarbondetilpassing.

Då silda vende tilbake til norskekysten i 1808, hadde ho vore borte i meir enn ein mannsalder. Sildegarn og nøter var knapt brukande lenger, salt og tønner mangla, og dei som hadde minne og erfaring frå førre periode tok til å eldast og svekkast. Likevel gjekk det ikkje lang tid etter dei første innsiga før ein nyttiggjorde seg denne ressursen. I første omgang stod den britiske sjøblokaden av kontinentet under Napoleonskrigane i vegen for eksport, og dermed det heilt store fisket. Silda var likevel ein særs velkommen gjest i ei trong tid prega av «misvækst og nød», særleg i kornfattige kyststrok. Dei tronge tidene er for ettertida etsa inn i det nasjonale historiske minnet med Ibsen sitt storslagne, men tragiske epos om Terje Vigen.

     Så lakked og led det til krigens år
     I attenhundred og ni.      
     Endnu går sagn om de trængselskår,
     Som folket da stedtes i.
     Engelske krydsere stængte hver havn,
     I landet var misvækst og nød,
     Den fattige sulted, den rige led savn,
     To kraftige arme var ingen til gavn,
     For døren stod sot og død.
 
 
<= Førre side Neste side =>