Silda som kulturarv

Pels og havets sølv. Foto: Ukjent. Fiskeri- og kystdepartementet.
Pels og havets sølv. Foto: Ukjent. Fiskeri- og kystdepartementet.

På mange måtar vart det pelagiske fisket ein viktig del av den nasjonale felleskulturen på 1950-talet. Ikkje fordi det samfunnsøkonomisk var viktigast då, men fordi alle fekk høyre om det i avisene, frå hovudstadsblada til bygdeblekka, og i radioen. Her vart det dagstøtt under fisket meldt frå om fangstar og vêrutsikter på Tromsøflaket og Skolpenbanken − og kva dei no alle heitte.

Ein kunne òg høyre opplysningsprogram om sild og vitskap, eller låne øyre til dramatiske reportasjar. Forvitneleg var Theodor Bernhoft Osa sin reportasje på 1950-talet om nota som sprekkferdig av sild i Sognefjorden rivna for open mikrofon! Sildefisket var i det heile godt tilpassa den nye medierøynda som tok form; her var kappløp, spenning, dramatikk og mykje pengar involvert. Avisene laga lister over kva snurpar som hadde landa dei største fangstane, og stendig vart det sett nye rekordar. Folk følgde med i avisene, høyrde meldingane på radio og diskuterte og spekulerte på kven som ville gjera neste storkastet og kor silda no var på veg. Borna høyrde òg på fiskerimeldingane, og hadde sine fartøy dei heia på. Det fartøyet som oppnådde største fangsten i løpet av eit år vart tildela ”sølvsilda”. Sildejakta hadde mykje til felles med store sportskonkurransar for både deltakarar og tilskodarar. Ein ønskja òg å vise dette fram for utanverda og Utanriksdepartementet organiserte «guida» turar for diplomatar stasjonert i Oslo til sildeeventyret i vest.

Bilete: Den originale biletteksten lyder, omsett frå fransk: «Under en internasjonal tur arrangert av Det Kgl. Norske Fiskeridepartement i vintersesongen 1951 nyter fru Ahlmann, ektefrue til den svenske ambassadøren, og Aaslaug Aasland silden som ekte husfruer». Foto: Ukjent. Fiskeri- og kystdepartementet.
 
<= Førre side Neste side =>