«Not la gå!» Notbasen, den fremste mellom likemenn

Om eit notkast vart vellykka eller ei var avhengig av både individuell dugleik og kollektiv arbeidsinnsats, to eigenskapar som på mange vis var dei berande elementa innan sildenæringa. Notbasen er gjerne omtala som sjølve høvdingen i notlaget, ein kar med udiskutabel autoritet, ofte kombinert med ein uvanleg teft for kor og kva tid ein måtte gjere kastet. Notbasen vart rodd i ein eigen lettbåt og det var han sjølv som lodda etter silda og vurderte om ho gjekk tett nok til at det var verdt å kaste.

Med fleire notlag på feltet var det om og gjere å kaste først, og gjerne før dei andre fekk summa seg. Det er endåtil fortalt om notbasar som kasta seg sjølv i vatnet for å avleia merksemda bort frå kastet. Den som lukkast hausta ære, særleg om lykka hang ved gong etter gong. Motsett var gjentekne dårlege kast eller bomkast rekna som forsmedelege nederlag som raskt kunne koste ein posisjonen.

Medan basen lodda etter silda, sat mannskapet, nothundane, klare i notbåtane og venta i spaning. Dersom vibrasjonane i strengen loddet hang i var sterk nok, vart det kommandert not la gå! Og då måtte ting skje i ein felande fart. Medan basen dirigerte med rop, brøl og avtalte teikn, vart nota rodd ut. Med stein, skimling (føring av ei kvitmåla blytyngd fjøl ein førte opp og ned), og kanskje fresande karbid prøve ein å halde fisken borte frå opninga til nota var i lås (lukka). Dersom silda smaug seg ut or nota før stenget var ferdig, var fleire arbeidstimar tapt, og under snurpenotfisket kunne ein dessutan risikere at ho gjekk med full tyngd konsentrert ned i nota og velte både båt og bruk.

Kvar mann måtte vite kva han skulle gjere, og gjere det raskt, medan notbasen var den som hadde oversikta. Det går mange gjetord om særs dugelege notbasar. Når det vart tala om vellykka fangstar var det notbasen ein refererte til, ikkje namnet på notlaget eller fartøyet, om det var med snurpenot. Notbasen sin posisjon vart også avspegla økonomisk: Alle fekk part av fangsten, og hadde såleis interesse av at laget lykkast, notbasen fekk likevel tre gonger så stor part som dei andre.

Notbasen var ein viktig del av sildefisket heilt fram til moderne leitemiddel som sonar og asdic etter krigen endra også denne delen av fisket. Det går óg an å hevde at basane dreiv fram moderniseringa ved at «hellet» deira var eit viktig aktivum som gav kreditt til store investeringar ein elles vanskeleg kunne ha stilt pant for.
 
<= Førre side Neste side =>