Landets første havfiskereiarlag

Kontakten mellom Sørlandet og Holland har til tider vore sterk. I Farsund i Vest-Agder vart det første havfiskereiarlaget i landet dels bygd på nederlandsk kompetanse.

Frå sist på 1790-talet får vi høyre om 23 hollandske fiskarar i arbeid hjå handelsmenn på staden, dels som mannskap og dels som lærarar for dei norske mannskapa. Dette nyskapande fisket var truleg ei viktig årsak til at den første fiskerifagskulen i landet vart grunnlagd her. I 1804 vart ”Kongelig Farsunds Fiskeri-Institut” med fiskerifagskule oppretta.
 
<= Førre side Neste side =>