Norsk vårgytande sild eller nordsjøsild

Det har i havforskingsmiljøa vore spekulert på om det var same sildestamme, norsk vårgytande sild, som i hundreåra mellom 1500-1960 skiftesvis opererte i Skagerrak/Øresund og langs vestlandskysten. Denne teorien vart særleg støtta av havforskaren Finn Devold, som også nytta historiske kjelder og litteratur som belegg. I så fall vil det forklare vekslinga mellom sildeperiodar og svartår i dei respektive landa og regionane.

Nyare forsking har derimot sannsynleggjort at det var nordsjøsilda som gjorde seg gjeldande i Bohuslän. Samvariasjonen i innsigsmønstra er heller sett på bakgrunn av at dei ulike sildestammane periodisk beitar på same åte, slik ein i nyare tid har observert i Barentshavet for andre fiskeslag. Dette prinsippet, fleirbestandsforsking, er i dag ein viktig metode for å skjøne og føreseie dei naturlege vekslingane.
 
<= Førre side Neste side =>