Ei sild og ei til

Sild (Clupea harengus). Illustrasjon: Pål Sundhell.
Sild (Clupea harengus). Illustrasjon: Pål Sundhell.

Norsk vårgytande sild, gjerne berre omtala som NVG-sild, har gjennom historia vore den klart viktigaste pelagiske ressursen i Noreg. NVG-silda er saman med islandsk vårgytande sild og islandsk sommargytande sild ein del av den atlantoskandiske sildestammen som i løpet av livsløpet beitar i Barentshavet og Norskehavet.

NVG-silda trekkjer inn mot Norskekysten for å gyte seint om vinteren eller tidleg på våren. Sildefisket har vore konsentrert kring vårgytinga fordi det er då silda i hopetal har komme innanfor fiskarane sin aksjonsradius. NVG-silda gyter langs heile kysten men med skiftande tyngdepunkt. Nordsjøsilda er ein annan viktig sildestamme. Ho går ikkje så langt inn mot norskekysten som NVG-silda.

Gytinga skjer om hausten mellom Shetland og austkysten av Skottland. Etter gytinga t rekkjer nordsjøsilda mot Norskerenna der ho overvintrar. Nordsjøsilda vart først ein viktig fangstressurs då aksjonsradiusen til sildeflåten ekspanderte ut til havs. Også det tidvis viktige pelagiske fisket etter makrell, lodde og kolmule er eit resultat av den ekspansive utviklinga innan fangstflåte og fangstteknologi. I tillegg til NVG-sild og Nordsjøsild er det f1eire lokale stammer av fjordsild. Silda har både ulik storleik og feittinnhald etter alder og årstid. Nemninga på dei ulike typane varierer, men dette er dei vanlegaste:

               Mussa: opp til eitt år gamle.
               Bladsild: Eitt til to år gamle.
               Småsild: Fellesnemning på mussa og bladsild.
               Feitsild: Tre til fem år gammal ikkje kjønnsmoden sild.
               Sommorsild: Fellesnemning på småsild og feitsild.
               Storsild: kjønnsmoden sild like Før gytinga.
               Vårsild: Gytande sild, alder som storsild.
               Vintersild: Fellesnemning for storsild og vårsild.
 
<= Førre side Neste side =>