Ressurstilgang, omstilling og modernisering.

Eit sentralt tema i denne forteljinga blir dei kraftige svingingane i ressurstilgangen og dermed fangstmengdene. Det biologiske grunnlaget er såleis vesensforskjellig frå det relativt jamne tilsiget ein finn innan skreifisket, det andre store norske fisket. Når silda plutseleg kom i enorme mengder etter mange svartår, kravde det ei rask opprusting av fangstledd og mottaksapparat på land. Likeeins var ei massiv omstilling påkravd når silda plutseleg forsvann.

Silda er ofte omtala som «Havets sølv», og fisket er malande omtala som «Silde- Klondyke», «Sildeeventyret», og det vert fortalt om dei som har gjort «det store varpet». Dette avspeglar både dei kraftige variasjonane og at svært store fangstar er mogleg (inntil 50–60 000 hl. i eitt landnotkast, og opp mot 1000 tonn i eit ringnotkast i dag) fordi sildestimane er så store og tette. Det usikre og omskiftande ved sildefisket er av fleire tillagt mykje vekt for å forklare større samfunnsmessige omskifte. Sildenæringa er då sett på som ei brekkstang for ein moderne og tilpassingsdyktig økonomi langs delar av kysten, for fiskeria og andre næringar.
 
<= Førre side Neste side =>