Etterkrigstida – ny teknologi, ekspansjon og kollaps

Dei sentrale elementa i den vidare effektiviseringa av fangstflåten var større og fleire farkostar, flåten av snurparar nådde nesten 600, bruk av leiteinstrumentet som ekkolodd og seinare asdic (sonar) og ikkje minst aktiv assistanse frå havforskarane, som kartla og følgde sildestimane inn mot norskekysten og melde sine funn dagleg over radio, på «fiskeribølgen». Endelig på 1950-talet kom nylon i bruk, og det opna for lettare, sterkare og dermed større snurpenøter, samstundes som vedlikehaldet vart forenkla. Forskarane stilte sine funn til rådvelde for ein stendig meir fangsthungrig fiskeflåte. Då forskingsfartøyet «G. O. Sars» (det første fartøyet med asdic) under leiing av Finn Devold var på tokt utanfor Svinøy i januar 1951, vart det følgt av ein hale på 150 fartøy som vona at forskingsfartøyet kunne gjere jobben som sporhund.

<= Førre side Neste side =>