Overkapasitet og sterk regulering av fangstleddet

Han- og hofisk av lodde.  Illustrasjon: Ukjend.
Han- og hofisk av lodde. Illustrasjon: Ukjend.
 Lodda på veg ned i lasterommet. Loddefisket på 1970-talet opna eit nytt kapittel i det industrielle fisket. Foto: Ukjent. Norges fiskerimuseum.
Lodda på veg ned i lasterommet. Loddefisket på 1970-talet opna eit nytt kapittel i det industrielle fisket. Foto: Ukjent. Norges fiskerimuseum.

Etter omlegginga i første halvdel av 1960-åra vart fangstkapasiteten langt større, enn han hadde vore før samanbrotet. Ringnota kunne lagast større enn snurpenota, ein tok i bruk det hypereffektive leiteinstrumentet asdic, båtane fekk vesentlig større motorkraft og lastekapasitet, sildepumper avløyste dei sjølvlossande sildehåvane, ein fekk kjøletankar til fisken med meir. Så synte det seg då òg at fangstane vart så store i andre halvdel av 1960-åra at bestandane av både nordsjøsild og makrell var trua av nedfisking.

Problemkomplekset knytt til overkapasitet vart mellombels utsett ved at flåten gav seg i kast med lodda nord for Finnmark og lenger ute i Barentshavet. Dette fisket toppa seg i 1970-åra, med eit fangstkvantum som endåtil var større enn i rekordåra for vintersildfisket. Det var openbert at sterke inngrep var påkravd for å få kontroll med ressursuttaket. I 1970 vart det innført forbod mot fangst av sild til oppmaling nord for 62 gradar nord, og to år seinare kom det alminnelig forbod mot fangst av NVGsild. I 1970 vart det dessutan innført registreringstopp for nye ringnotbåtar, følgd opp to år seinare med ein konsesjonslov som opna for regulering av deltakinga i alle norske fiskeri.

Frå 1973 vart det i praksis satt bom for nye konsesjonar i ringnotfisket. Ut på 1970-talet vart makrellfisket i Nordsjøen kvoteregulert, nordsjøsilda vart totalfreda i 1977, medan kvoteregulering av brislingfisket vart innført året etter. Då vart det også innført nasjonal kvoteregulering av loddefisket, som i dei følgjande åra vart utvida med totalkvoteavtalar med Island og Sovjet. Dette hindra likevel ikkje eit samanbrot òg innan denne bestanden. Frå toppåret i 1977 då den norske flåten landa 2,1 millionar tonn, til 1,5 millionar tonn i 1983, og deretter ein dramatisk nedgang til 270 000 tonn i 1986.

I 1987 vart det innført freding for lodda i norsk økonomisk sone. Krisa i loddefisket var alvorlig òg ved at det trua ein viktig del av næringsgrunnlaget for torsken, og ein fekk faktisk ei torskekrise i 1989−1991, som igjen utløyste strenge kvantumsreguleringar der òg.
 
<= Førre side Neste side =>