Organisering

Den einaste vegen ut av denne negative lønsemdsspiralen var regulering i ei eller anna form. Løysninga vart ei todelt organisering. Med Storsildlaget i 1927 (for sildefiskarane nord for Stad) og Stor- og vårsildlaget i 1928 (for sildefiskarane sør for Stad) vart førstehandsomsettinga organisert.

Organiseringa var først basert på frivillig tilslutning, men fekk snart lovvern med sildelova av 1929, som gav laget einerett på sal av stor- og vårsild på første hand. På den måten kunne ein øve ein viss kontroll med prisutviklinga ved stabilisering over tid og ved ei styrt fordeling av råstoffet på dei ulike produkta – fersksild, saltsild, olje og mjøl – tilpassa det marknadene for dei best betalte produkta – fersk og salta vare – kunne svelgje unna utan å skapa prisras. Det galdt å syta for at olje og mjølindustrien fekk ta hand om alt råstoff som kunne presse prisane på fersksild- og saltsildmarknadene. Fiskarane fekk såleis utjamna inntektene sine, uavhengig av kva som vart sluttproduktet av deira spesielle fangst.

Storsildlaget og Stor- og vårsildlaget gjekk i 1936 saman i Noregs Sildesalslag. Dette føretaket, med sine 20–30 000 fiskarar og nærmare 3000 båtar, vart kalla den største samanslutnaden innan ei og same næring som verda til då hadde sett. Ordninga vart ein viktig inspirasjon for den vidare organiseringa av fiskerinæringa, særleg innføringa av Råfisklova, «fiskerinæringa si grunnlov », som kom i 1938, Den opna for fiskarstyrt prisregulering på første hand for alle fiskeslag og for alle delar av kysten, men dei fleste nye fiskesalsaga kom i stand først etter krigen. Sildelova og Råfisklova vart samla i Råfisklova av 1951.
 
<= Førre side Neste side =>