Ei næring for framtida

Sardinlegging. Sardinlegging ved Concorde Canning & Co, Stavanger, ca. 1910-1920. Foto: ukjent. Stavanger Byarkiv.
Sardinlegging. Sardinlegging ved Concorde Canning & Co, Stavanger, ca. 1910-1920. Foto: ukjent. Stavanger Byarkiv.
Pakking av brisling. i Egelands Hermetikkfabrikk, Kopervik, ca. 1910-1920. Kvinnene gjer eskene klare medan mennene opererer falsemaskina.  Foto: Hakon Johannessen. Stavanger Byarkiv.
Pakking av brisling. i Egelands Hermetikkfabrikk, Kopervik, ca. 1910-1920. Kvinnene gjer eskene klare medan mennene opererer falsemaskina. Foto: Hakon Johannessen. Stavanger Byarkiv.

Hermetikkindustrien førte foredling av pelagisk fisk inn i den industrielle tidsalderen. Hermetisk nedlagt brisling, som frå 1905–1910 vart supplert med småsild (sardinar) og med vårsild (kippers), var godt betalt, og slik kunne ein få auka lønnsemd trass i eit monaleg mindre fangstkvantum. I mellomkrigstida gjekk berre 5,5 % av den samla fangstmengda til fiskehermetikk, som samstundes utgjorde meir enn 30 % av hele eksportverdien for fisk. Eksportverdien av fiskehermetikk, særleg sardinar av brisling og småsild og kippers av vårsild, var i heile denne perioden større enn for nokon annan produktgruppe i fiskerinæringa, slik som klippfisk, tørrfisk, saltsild, fersksild osv.

Den store eksportverdien inkluderer både monalege faktorar som arbeidskraft til tilverking, kapital til fabrikkar og infrastruktur, og bruk av innsatsvarer som blikk, olivenolje med meir. Dessutan bidrog eit anna forhold til å løfta eksportverdien: Med den industrielle foredlinga av småfisken til delikatesser pakka i antiseptiske, haldbare og lekre porsjonspakningar, fekk dei norske sardinane innpass i verdas dåverande mest betalingsdyktige marknader – dei anglosaksiske landa. Dette til forskjell frå saltsild, tørrfisk og klippfisk, som stort sett gjekk til fattige land.

Hermetikkindustrien gjorde brislingen til det best betalte fiskeslaget etter laksen, og fisket etter brisling og småsild vart det mest effektive her til lands, ved at hermetikkfabrikkane var med på å finansiere overgang til snurpenot alt i åra før 1914, ti–femten år før den same prosessen skaut fart i fisket etter vintersild. Vilkåret var at notlaga plikta seg til å levere berre til den aktuelle fabrikken eller oftast til eit innkjøpslag. Hermetikkfabrikkane hadde spreidd risikoen ved å slå seg saman i innkjøpslag eller råstoffkompani med ansvar for handel med fiskarane og transport vidare til medlemsfabrikkane. Snurpenota for brisling og småsild var landets mest kostbare fiskereiskap på grunn av langt mindre maskevidde enn i sildenøtene.

Eit snurpenotlag for brisling hadde som regel òg med seg landnot for å kunne ta brislingen når han søkte mot grunne farvatn. Av omsyn til kvaliteten var brislingfisket avgrensa til sommar og haust, då feittprosenten var på sitt høgste, og utanom sesongen for feit- og vintersildfisket. Sidan brisling- og småsildfisket føregjekk inne i fjordane, vart det dessutan ei behageleg avveksling for sildefiskarane som elles baksa med vintersilda i ofte ufyselig og kaldt vêr ute ved havkysten. Brislingfisket vart drive i varierande omfang frå svenskegrensa til Stad. Oslofjorden vart i mellomkrigsåra ein av dei viktigaste brislingfjordane, og det kom til eit tjugetals sardinfabrikkar i regionen.

Forutan sardinar var ansjos eit viktig produkt her, fordi brislingen var noko større enn vestpå, og dermed særs godt egna til ansjos, som var halvkonserves, ikkje hermetikk. I tiåra etter 1950 miste hermetikkindustrien gradvis mykje av den økonomiske tyngda, og talet på fabrikkar minka raskt. Den norske produksjonen av sardinhermetikk (King Oscar) tok endeleg slutt i april 2008 då produksjonen på Davanger på Askøy vart flytta til Polen.
 
<= Førre side Neste side =>