«Bygd på sildabein»

Ein katedral av tomme sildekassar er i ferd med å reise seg i Haugesund. Kassane vart nytta til isa sild. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum.
Ein katedral av tomme sildekassar er i ferd med å reise seg i Haugesund. Kassane vart nytta til isa sild. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum.

Sildefisket vart ikkje minst ein viktig byskapande faktor. Sildeeksporten skapte økonomisk vekst i Bergen etter ei alvorleg nedgangstid i krigsåra 1807−1814, og gav ein ny giv for til dømes Flekkefjord i åra 1825−1835. Men særleg Stavanger fekk oppleve ein kraftig vekst tufta på sildefisket. Folketalet her vart i åra frå 1815 til 1866 mellom seks- og sjudobla. Ålesund fikk draghjelp av silda på vegen mot fulle kjøpstadrettar (1848), og nye byar som Haugesund, Kopervik, Skudeneshavn og Florø vart alle skapt og forma av sildefisket, «bygd på sildabein» som dei seier i Haugesund.

Ringverknadene var mange. Frakting mellom kastevågane og fangstfelta og saltebuene i eksportbyane gav arbeid til ein raskt veksande flåte av jakter og galeasar, bygde på mange små skipsbyggeri i fjordbygder i Ryfylke og ytre Hardanger. Desse små skutene kunne òg frakte sildetønner til eksportmarknadene, då dei stort sett låg ved Skagerrak og Austersjøen, farvatn med lita bølgjehøgd i den lyse årstida. På Vestlandet vart det med utgangspunkt i sildeskutene frå 1850 bygd opp flåtar av større seglskip som dreiv internasjonal fraktefart mellom framande hamner. Stavanger vart landets nest største sjøfartsby i denne perioden.

Haugesund vart òg ein viktig sjøfartsby, og Skudeneshavn i mindre målestokk. Eit interessant spørsmål er om den breie økonomiske veksten på Vestlandet i sildeperioden òg var stimulerande for andre delar av samfunnslivet. Mange har peika på at dette hektiske og dynamiske fisket førte til kulturelle endringar. Kanskje verka fisket formande for ein meir moderne og disiplinstyrt mentalitet, med sterkt vekt på entreprenørskap? Det er og gjort koplingar mellom framveksten av ein sildeøkonomi og nye religiøse straumdrag.

I alle fall er det slåande at den organiserte lekmannsrørsla fekk sitt norske tyngdepunkt på Sørvestlandet nettopp i desse åra, og at tyngdepunktet for sildeinnsiga fell saman med kjerneområdet for dei tidlege misjonsforeiningane. Haugianarane si vektlegging av arbeidsvilje, nøysemd og kapitalisme fall godt saman med dei verdiane som låg til grunn for å lukkast under sildefisket.

Aldri var der noget i veien med dem, hverken slagsmål eller fylleri blandt deres mannskap; deres båt var alltid parat og deres greier i den beste orden; og skjønt de hverken bante eller drakk, seilte de dog om kapp med de galeste vågehalser, og skjønt de for frem med saktmodighet og fromme ord, fikk de dog sin rett frem, og man betenkte sig to ganger på å gå dem nær. (Frå Skipper Worse av A. L. Kielland)
  
<= Førre side Neste side =>