Frå Lista i sør til Sunnmøre i nord

Det skiftande tyngdepunktet i fisket fekk fleire følgjer. Med godt fiske i eit område det eine året, men lenger nord året etter, måtte ein auke aksjonsradiusen for å følgje med. Dessutan fekk fisket ringverknader på ein vidare del av kysten i takt med at innsigsområdet vart skove nordover.

Samla sett reknar ein med at 40 000 mann deltok i vårsildfisket sist på 1860-talet, noko som tilseier at ein stor del av mannfolka frå Agder til Sunnmøre var med på dette fisket. I ein del ytre strok deltok så godt som alle arbeidsføre menn, men til og med frå innlandsstrok som Voss søkte folk mot havets sølv – ja, det var endåtil fiskarar frå Setesdal, Hallingdal og Valdres. I tillegg til alle dei som deltok i fisket, arbeidde kanskje 10 000 som tilverkarar, fraktemenn og liknande. Medan det berre var menn som deltok i sjølve fisket, var tilverkinga kvinnedominert. Sidan innsiga ofte skjedde i folkeskrinne fiskevær, voks det fram ein mobil arbeidsstyrke av kvinnelege akkordarbeidarar. Ifølgje oppsynslegen i Kinn var det i 1857 om lag 200 kvinner med i fisket ved Kinn, mesteparten frå Bergen, Kopervik eller Stavanger. Reinsking og legging av sild var eit kaldt og hardt arbeid. Frå Hvaler i Vestfold har ein denne skildringa, den òg frå 1857:

Bare man nærmer sig et af sildesalteriene, står stanken fra ganhaugen mot en, og inde når der ganes, er der en stram blodlugt, som legger sig for brystet i de første dage, før man bliver vandt til den. [...] Over gulvet ligger en rød flimret søle af blod, gan og salt. Blod lægger sig over hender, klæder og ansigt fra hovudtørklædet til skoene, i mangt et barneansigt er det kun øinene som er synlige.
(Elstad 2004: 102)

Trass i skit, lukt, såre hender som svei av saltet og ikkje minst kulde, kunne det vere rift om jobbane som ganejenter. Dersom leveringane var store, kunne ei ganejente i løpet av ein sesong tene meir enn det dobbelte av det ei tenestejente tente på eit år. Dei fleste var dessutan vel vande med hardt og tungt arbeid. Alexander L. Kielland gjev såleis i romanen «Skipper Worse» eit lysare bilete av ganejentene:

Overalt iver og munterhet; silden var kommet – silden, som alle hadde ventet på, og som alle ventet sig noget av. De unge piker og koner som skulde gane silden, [...] klædde sig i sine ganeklær med latter og kommers, skjønt det var så koldt å stå op, at tennene klapret i munnen på dem.
 
<= Førre side Neste side =>