Sjøfolk i krig for to hundre år sia

Defensjonsskipene ”Gyldenløwes Waaben” og ”St. Franciscus” i kamp med den algirske korsaren ”Løven” utenfor Cap Espichel 3. mai 1672. Etter kobberstikk av Jacob Maschius, Foto: BSJ.
Defensjonsskipene ”Gyldenløwes Waaben” og ”St. Franciscus” i kamp med den algirske korsaren ”Løven” utenfor Cap Espichel 3. mai 1672. Etter kobberstikk av Jacob Maschius, Foto: BSJ.

Den 23.august 1808 segla den vesle sluppen ”Den Flinke” ut frå Bergen på kapertokt, utstyrt med fire kanonar og eit mannskap på 35 mann. Skipet var eigd av eit partsreiarlag i Trondheim, og kaptein om bord var trondheimsmannen Paul Andreas Kaald, nettopp fylt 24 år. Dei fleste av mannskapet var frå Bergen, tyske og danske var med, men tre kom frå Trondheim. Mellom dei var ein lyslugga liten kokksmat på 15 år, Kasper Andreas Rasmussen Molde.

Kapertoktet vart ein fadese. Den 30.september 1808 vart ”Den Flinke” nedkjempa av engelskmennene ved kysten av Skottland, og mannskapet vart teke til fange. Kaptein Kaald vart sendt til Greenlaw Prison, ikkje langt frå Edinburgh. Her satt han til han vart kjøpt fri i august 1810. Resten av mannskapet havna på fangeskipet ”Irresistible”, oppankra ved Chatham ved munninga av Themsen.

På fangeskipa var tilhøva forferdelige. Fleire tusen fangar var pakka tett saman. Mange bukka under, men ikkje få kom seg unna ved å la seg freiste av engelskmennene til å ”entre” engelske skip. Det gjorde også Kasper Molde frå Trondheim. I april 1810 mønstra han på ostindiafararen ”Harriet” på reise til Madras og Bengal, ei reise som tok halvtanna år. I 1814 skadde han beinet sitt om bord på eit engelsk skip og vart utstyrt med trebein. Så vart han gåande i London i lag med mange andre attglømte norske sjøfolk, til han med hjelp frå det svenske konsulatet endelig kom seg heim til Trondheim i 1816.

Svein Bertil Sæther

 

<= Forrige side Neste side =>