Rask omstilling: Ringnot og kraftblokk

Med ringnot og kraftblokk auka ein aksjonsradiusen ut på det opne hav.  Illustrasjon: Ukjent. Norges Fiskerimuseum.
Med ringnot og kraftblokk auka ein aksjonsradiusen ut på det opne hav. Illustrasjon: Ukjent. Norges Fiskerimuseum.

La oss så sjå på den mest spesialiserte del av sildeflåten, dei nesten 600 snurparane. Det fanst alternative pelagiske ressursar ute i havet, som nordsjøsild og makrell. Dette var ressursar som hadde vore utanfor rekkevidd for sildeflåten så lenge han primært dreiv med konvensjonell snurpenot: Bruken av to doryar til å operere nota gjorde utstyret lite egna til bruk på ope hav.

Vintersildfisket hadde, med unnatak for det spesielle drivgarnsfisket utanfor Møre, vore eit kystfiske. Ein kjente likevel til den amerikanske ringnota som vart operert frå hovudfartøyet ved hjelp av kraftblokk, og som dermed kunne nyttast på ope hav. Islendingane, som mangla skjerma kyst, hadde tatt ringnota i bruk sist på 1950-talet, og Fiskeridirektoratet støtta kring 1960 norsk prøvefiske med ringnot ved Island. Den drastiske og raske nedgangen i fangstane av vintersild utløyste ein av dei raskaste og mest omfattande snuoperasjonar i nyare norsk næringshistorie. Den første bruken av ringnot og kraftblokk i norsk farvatn skal ha skjedd i 1962.

Ved årsskiftet 1962/1963 fantes det tre eller fire ringnotbåtar i Noreg, eit år seinare 13 og i 1966/67 nesten 500. Gamle båtar vart ombygd, 30−40 ledige kvalfangarar likeeins, passande båtar vart innkjøpt frå utlandet og modifisert, og den første spesialbygde norske båt vart levert i 1965. kkk Denne intense omstillinga skjedde «nedanfrå» etter initiativ frå næringsutøvarane sjølve, og i hovudsak med privat finansiering. Det var ei kostbar omstilling sidan det kravde ei full utskifting av ein allereie kostbar fiskereiskap og innkjøp av nytt teknisk hjelpeutstyr. Samla sett vart det ei gjennomgripande fornying av fiskeflåten.
 
<= Førre side Neste side =>