Ein veksande pengeøkonomi

Sildefisket skapte ringverknader for mange næringar, og nye attåtyrk dukka opp. Her ser vi tre karar frå Stranda med sildetønner, tønneband og naudsynt reiskap. Foto:  Arnhild Sæther.
Sildefisket skapte ringverknader for mange næringar, og nye attåtyrk dukka opp. Her ser vi tre karar frå Stranda med sildetønner, tønneband og naudsynt reiskap. Foto: Arnhild Sæther.

Sidan alle fiskarane hadde opphav og rot i bygdesamfunnet, førte dei svære sildefangstane og dei betydelige inntektene dei gav, til ei kraftig økonomisk overrisling av hele vestlandsregionen. Dette påskynda overgangen frå natural- til pengeøkonomi og etter kvart til kapitalistisk økonomi.Sildepengane gav grunnlag for ein viss akkumulasjon av kapital som så vart investert i gardsbruket eller i meir effektiv båt og fiskereiskap.

Sildefisket kunne bidra til å auka den sosiale mobiliteten. Ein heldig fiskar kunne i løpet av fem til ti år spare seg opp nok til å kjøpe eit gardsbruk, og såleis få innpass mellom dei sjølveigande bøndene, sjølv om han hadde husmannsbakgrunn eller var fødd langt ut i barneflokken. Fortenesta kunne dessutan pløyast inn i saltebuer og sjøhus og danne grunnlag for handelsverksemd. Ikkje få vellukka sildeentreprenørar med bondebakgrunn flytta til næraste by og vart kjøpmenn der. På denne måten kunne gamle normer og sosialt hierarki bli utfordra av sildefisket.

Bilete: Biletet er truleg frå kring første verdskrigen. Frå venstre: Karl Johan Ringstad (Storreit), Hans Langlo (Mo-Hans) og Petter Øye. Foto: FylkesFOTOArkivet i M&R, Arnhild Sæther
 
<= Førre side Neste side =>