Landnotfiske

Notsteng. Truleg frå Haugesundskanten. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum.
Notsteng. Truleg frå Haugesundskanten. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum.

Sildefiske med landnot vart viktigare og viktigare utetter sildeperioden på 1800-talet, sjølv om garnfiske framleis i 1870 dominerte fullstendig i Sogn og Fjordane. Òg i makrellfisket spela fisket med landnot ei viktig rolle.

Landnota var monaleg dyrare i innkjøp enn settegarn. Eit notbruk, med nøter, gavlbåt, spelbåt og lettbåtar vart difor eigd og drive av fleire i lag. Dei kunne ha partar av ulik storleik i båtar og nøter. Dei store nøtene vart gjerne sauma i hop av notbolkar frå ulike eigarar. Ved landnotfiske vart fisken stengt inne av nota som vart dregen på tvers av ein grunn våg, ein kastevåg. Notreiskapen i eit landnotbruk bestod av kastenot, låsnot og orkastnot. Kastenota, òg kalla stornot, vart nytta til å ringe inn silda med.

Når fisken var stengd, vart silda jaga inn mot land og stengt i ei mindre not, låsnota, inne i stornota. Når ein var klar til å ta fangsten, brukte ein orkastnota til å ta silda opp frå låsnota. I eit vårsildbruk var stornota 140–160 famnar lang (1 famn = 1,882 m), og om lag 20 famnar djup. Nøtene var til vanleg djupast på midten og grunnare ut mot endane. Låsnota var mellom 70 og 100 famnar lang og 13–15 famnar djupe. Orkastnøtene var mellom 35 og 50 famnar lange og 10–12 famnar djupe. Dei kunne vere utstyrt med snurperingar på undertelna, og vart såleis nytta som snurpenøter.

Flathåven vart nytta til å ta silda inn i båten. Dei største flathåvane var om lag 11 alen lange og 3 alen breie og kunne ta 2 hl sild i ei håving. Notfisket gav ein heilt annan fleksibilitet enn garnfisket. For medan garna måtte trekkast inn med ein gong og silda handterast, kunne eit notsteng stå til ein hadde folk og høve til å salte silda, eller til det kom oppkjøparar til staden.
 
<= Førre side Neste side =>