Del av ein fleksibel næringstilpassing

Korkje ganejentene eller resten av dei fleire titals tusen involverte i sildefisket, hadde dette som hovudnæring. Vintersildfisket gjekk føre seg i den tida då det var minst behov for arbeidskrafta til karane rundt på gardane. Bøndene kunne difor mannjamt delta i sildefisket – vera fiskarbønder nokre veker.

Måten fisket vart organisert på, skapte dessutan rom for ulike nivå av investeringar: alt frå mindre robåtar med få og små garn, til større hardanger- og listerbåtar med mange garn eller større notbruk. Det var òg ein viss fleksibilitet i sjølve fisket ved at ein kunne delta som partseigar, eller berre som mannskap på lott – altså med part i fangsten.
 
<= Førre side Neste side =>